Beliggenheit

Ravda er ein liten landsby, og det er korte avstandar til mange sjåverdigheiter.

I Ravda sentrum finn ein eit stort antall restauranter, puber, barar, coctailbarer, etc. Nærmaste restaurant ligger ca. 50 meter frå leiligheta. Her er også dagligvare-, kle-, souvenir-, frukt- og grønnsaksbutikkar, slaktar, internettkafe, apotek, legesenter, postkontor, etc. I landsbyen står også eit lite tivoli, til stor stas for dei minste.

Ravda Sun Sea Resort, som området der leiligheta er plassert heiter, ligg ca. 20 minutters køyring fra Burgas flyplass.
Direktefly går mellom anna frå Ålesund, Bergen, Trondheim, Gardermoen og Sandefjord. Flytida er på ca. 3 - 3 1/2 timar, alt etter kva flyplass ein reiser frå.

Ein rekke flyselskap har direkteflygningar til Burgas, men det finnast også ein alternativ flyplass - Varna. Denne flyplassen ligg ca. 1,5 times køyring unna (nordover).

Området Ravda — Nessebar — Sunny Beach er eit samanhengande turist eldorado, der vår leilighet er plassert i Ravda, som er det roligaste området.

Er du ungdom og på jakt etter festing og party, så er altså ikkje dette plassen for deg!
Her er mest familier, unge og eldre par eller einslege - som er på ferie for å få ei avslapping frå kvardagsmaset heime.


Stadar som kan vere av interesse i nærheita

- Badestrand

Ca. 100 - 150 meter til å gå ned til stranda. Fantastisk, barnevennleg strand, med deilig mjuk sand. Strada er stort sett sammenhengande heile vegen Ravda - Nessebar - Sunny Beach.

- Ravda sentrum
Resorten ligg i utkanten av Ravda sentrum, så det er gåavstand til alt der

- Tivoli
ca. 200 meter å gå mot Ravda sentrum

- Burgas flyplass
Ca. 20 minutt med bil

- Burgas by
Ca. 25 minutt med bil
Byen har ca. 300.000 innbyggjarar
Den kjempesvære Metro`en ligg her. Det er eit stort varehus med enormt vareutvalg. For å handle der, må du vise passet ditt i inngangen og få ein "handletillatelse".

- Nye Nessebar
ca. 10 minutt med bil

- Gamle Nessebar
Ca. 15 minutt med bil
Byen er totalfreda av UNESCO og vart bygd ca. 600 år før Kristus. Her er mange brosteinsbelagte gater med alt mulig av krims krams å kjøpe, restauranter og minst 40 steinkirker.

- Sunny Beach
Ca. 20-25 minutt med bil
Sunny Beach er Svartehavet sitt turistsentrum. Her er masse folk, liv og røre med alt ein kan tenkje seg av tilbod.

- Stort og flott badeland (nytt i 2008)
Ca. 600 meter å gå frå leiligheta
Du kan gå dit, eller ta den gratis bussen som gjeng rett forbi leiligheitkomplekset.

- Lidl
Dagligvarekjeden Lidl held har ein daglegvarebutikk, ca. 550 meter frå leigligheta. Her får du ferske brød og baguettar kvar dag. Absolutt å anbefale

- Golfanlegg
Ca. 5 km. til nytt, fantastisk golfanlegg som skulle stå ferdig sommeren 2008. Dette har desverre stoppet opp pga finanskrisa, men vi håpar det nærmar seg ferdigstillelse snart. Anlegget skal få 800 ansatte og bestå av 18-hulls golfbane, casino, ridesenter, fotballbaner, tennisbaner, polobaner, fitness-senter, etc.

Inntil den nye bana vert ferdig, vert næraste golfbane i byen Sliven. Den ligger ca 160 km unna. Taxi tur/retur inkl 4 timer vent, kostar ca kr 1.000 NOK. Eller du kan leige bil, og køyre dit sjølv. Det kostar ca kr 200 NOK pr dag. 

Prisar og valuta
Det er billig å køyre taxi i Bulgaria. Våre faste sjåførar er til å stole på, og køyrer deg dit du vil, og henter deg seinare, om du ønskjer det. Eksempelvis kostar ein tur til Sunny Beach, tur/retur, ca. 25 Bulgarske Leva, som er ca. 100 NOK. 
1 Bulgarsk Leva = ca. 4 NOK (pr. juli-11)

 

Monica og Kurt Parr, Postboks 9070 Blindheim, 6023 Ålesund    www.solbulgaria.no   

www.solbulgaria.no