|
Leigeprisar
Vi tek Kr.4.000,- per veke for utleige av leigligheta vår. - men hvis du leiger i to veker betaler du Kr. 7.000,-. Lavsesong - frå 30. september til 15 mai - Lavare prisar kan avtalast i denne perioda. Ta kontakt!
Rengjering Du kan vaske sjølv om du vil, for alt utstyr står i leigligheta, men vil du ha en avslappande ferie og sleppe å tenke på dette, kan vi formidle bestilling av vask via bookingselskapet på anlegget.
Vaskedamene på Ravda Sun Sea Resort 1 vaskar for deg for ca. 22 kr/person pr. dag. Då er fylgjande inkludert per veke: 2 vask 2 gongar skift av handkle 1 sengetøyskift sluttvask og utsjekk
Transport til og frå flyplassen
|
|
Vi kan på førehand avtale henting til og frå flyplassen med en av våre faste sjåførar. Dette kostar ikkje skjorta. Dei er til å stole på, og kan også køyre til andre stadar, om dokke ønskjer utflukter, tur på SPA, til frisør eller manikyr, en tur til Nessebar, Sunny Beach eller den store Metroen i Burgas m.m. Ellers kan Ravda Sun Sea Resort 1 tilby transport til/frå Burgas også. Dette må bookast på førehand slik dei veit kva transport dei skal sette opp.
Prisen er ca. Kr. 290,- per bil tur/retur. Prisen gjeld for 5-seter. For 7-setar eller 9-setar, tek dei nokre få kroner ekstra. Hvis det er mange bookingar, leiger Ravda Sun Sea Resort inn buss slik at alle får plass.
Andre prisar gjeld frå Sofia/Varna.  |